Wednesday, November 15, 2006
Smatt, smitt og smule
Eksamen gjer at ein får slike sære lyster. Akkurat no er eg besatt av tanken på jawbreaker-kuler. Sånne skikkeleg svære. Har tenkt på det i omlag to veker no. Det ender nok med at eg sit og sleikar og glefsar over kule etter kule, til eg ligg der med remjande mage og låst kjeve. Eg har også sendt kinderegga nokre saftige tankar. Og i dag kjøpte eg meg eitt. La det litt sånn tilfeldig mellom brød og juice i handlekorga. Eg skunda meg heim for å opne skatten ved kjøkkenbordet. Løyste forsiktig papiret før eg delte sjokoladen i to og pirka ut det gule egget. Til mi store glede fann eg ein komplett figur. Eit slags spøkelse som hadde svelgt ein terning. Jaja, artig liten sak, tenkte eg og gumla litt sjokolade med hovudet lent bakover i nyting. Vippa litt med stolen og lot sjokoladen kose seg litt ekstra i munnhola. No, ein time etter, sit eg og stirrar på det tomme papiret. Og så tenkjer eg litt på jawbreakers og kor gysleg gode dei sikkert er. Smatt.
Tuesday, November 14, 2006
Ein nyfødd blogg
God morgon, god kveld, god dag og god natt!
Så sit eg her ved skrivebordet og stirrar på min vesle, nyfødde blogg. Underlege greier desse bloggane. Dei som seier at "neida, eg skal aldri få meg blogg", dei står brått svanger sjølve. Og før dei anar kva som i det heile teke er i ferd med å skje så sit dei der med bloggen i fanget og stirrar. Då er det ingen veg tilbake. Så får ein berre la det stå til og kaste seg ut i det!
Eg er meir eller mindre inne i ei lita eksamensboble der skriftspråket er det einaste som eksisterer. Ord og ord og atter ord. Det er både herleg og fælt å vere okkupert av bjeffande bokstavar. Heldigvis tek dei seg til tider ein dubb. Som akkurat no.
Har laga ei lita liste med ord og uttrykk som sit i vrangstrupa mi for tida:
1. Kinesisk eske
2. Konge
3. Tunga beint i munnen
4. Jeg har bare vært meg selv
Eit ord eg ikkje kan få nok av:
1.Grådig (på bergensk)
Engelske favorittord:
1. Tangerine
2. Obstacle

Subscribe to:
Posts (Atom)