Wednesday, November 15, 2006
Smatt, smitt og smule
Eksamen gjer at ein får slike sære lyster. Akkurat no er eg besatt av tanken på jawbreaker-kuler. Sånne skikkeleg svære. Har tenkt på det i omlag to veker no. Det ender nok med at eg sit og sleikar og glefsar over kule etter kule, til eg ligg der med remjande mage og låst kjeve. Eg har også sendt kinderegga nokre saftige tankar. Og i dag kjøpte eg meg eitt. La det litt sånn tilfeldig mellom brød og juice i handlekorga. Eg skunda meg heim for å opne skatten ved kjøkkenbordet. Løyste forsiktig papiret før eg delte sjokoladen i to og pirka ut det gule egget. Til mi store glede fann eg ein komplett figur. Eit slags spøkelse som hadde svelgt ein terning. Jaja, artig liten sak, tenkte eg og gumla litt sjokolade med hovudet lent bakover i nyting. Vippa litt med stolen og lot sjokoladen kose seg litt ekstra i munnhola. No, ein time etter, sit eg og stirrar på det tomme papiret. Og så tenkjer eg litt på jawbreakers og kor gysleg gode dei sikkert er. Smatt.
Subscribe to:
Post Comments (Atom)
2 comments:
Gratulere me blogg! Du e tydeligvis litt for påvirka av din jobb i godteri-butikk :) Lykke te me lesinga og eksamen framover..
see ya! :D
Lykke til med rekninga. Og gle deg til jula. Då skal eg introdusere ein av mine nye favorittstemmer(i tillegg til Ja-ej-tek-no-mej-en-tur-ej og Herrrborg): Susanne Vigene!
Post a Comment