Tuesday, November 14, 2006

Ein nyfødd blogg

God morgon, god kveld, god dag og god natt!

Så sit eg her ved skrivebordet og stirrar på min vesle, nyfødde blogg. Underlege greier desse bloggane. Dei som seier at "neida, eg skal aldri få meg blogg", dei står brått svanger sjølve. Og før dei anar kva som i det heile teke er i ferd med å skje så sit dei der med bloggen i fanget og stirrar. Då er det ingen veg tilbake. Så får ein berre la det stå til og kaste seg ut i det!

Eg er meir eller mindre inne i ei lita eksamensboble der skriftspråket er det einaste som eksisterer. Ord og ord og atter ord. Det er både herleg og fælt å vere okkupert av bjeffande bokstavar. Heldigvis tek dei seg til tider ein dubb. Som akkurat no.

Har laga ei lita liste med ord og uttrykk som sit i vrangstrupa mi for tida:
1. Kinesisk eske
2. Konge
3. Tunga beint i munnen
4. Jeg har bare vært meg selv

Eit ord eg ikkje kan få nok av:
1.Grådig (på bergensk)

Engelske favorittord:
1. Tangerine
2. Obstacle

3 comments:

Elisabeth said...

Hoi! Her kjem din første kommentar, artig at ej he greidd å smitte dej litt med blogge-greia altså! (Ej lika å tenke at ej he gjort det, i alle fall - ikkje øydelegg gleda for mej, no...:))Gleda mej til å lese fleire eksamensinspirerte tankesprang på bloggen din! Klem, Elsis

Rattata said...

Ta det med ro. Eg legg all smitteskuld på dine skuldre:)

Elisabeth said...

Takker og bukker, ej føle mej riktig så beæra! Kanskje det til og med vankar nokre jawbreakers på dej etter kvart... Den som leve fe sjå! ;)